Dei eldste på kamp

Søndag 6.november var 12 bebuarar frå Sogndal omsorgssenter samla på kamp

På søndag var 12 bebuarar frå omsorgssenteret i Sogndal samla på kamp, som ein av aktivitetane i prosjektet ”Gi av din tid”.

Bak prosjektet ”Gi av din tid” står 10 flotte studentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

- Prosjektet går ut på å fokusere på dei eldre som ikkje har moglegheit til å gjera stort lenger. Me har vekentlege kaffibesøk, konsertar og filmvisning på sjukeheimen, og denne søndagen ville me ta med oss dei eldre på fotballkamp, fortel Mathilde Harlem.

Sunniva Kvammen var ei av dei som hadde tatt turen på kamp.

- Det er svært kjekt å vere her i dag, men eg skulle gjerne hatt litt meir piff i kampen, fortel Sunniva med eit smil.

- Eg er og nøgd med at helsa er god nok til å vere med desse flotte studentane på kamp i dag, fortel den blide 99 åringen.

”Gi av din tid” er eit prosjekt elevane har valt i faget prosjektleiing. Til vanleg studerer studentane ved økonomi og jus, og økonomi og administrasjon.

- Ein hovudgrunn til dette, er at det er den målgruppa som har minst ressursar, og den målgruppa som trenger det mest. Bebuarar på sjukeheim har ein einsformig kvardag, og mange er heilt aleine. Det er lett at dei blir tatt for gitt, og sjukeheimen har heller ikkje nok ressursar til å ta med dei eldre på store aktivitetar, fortel Harlem.

Formålet med prosjektet er å aktivisere dei eldre, og spre engasjement og glede.

Ekteparet Ivar og Marie Stadheim hadde og tatt turen til Fosshaugane sundag.

- Me er store Sogndalsupportarar, og det er utruleg kjekt å få sjå kampen her i dag. Det er veldig hyggeleg at dei yngre tek oss med på kamp, me hadde ikkje vore her hadde det ikkje vert for dei, avsluttar Ivar og Marie. 

Annonse fra Obos-ligaen: