Frivillig mediaredaksjon

Bli med på laget!

_MG_2998

Mykje skjer i løpet av eit fotballår, og me ynskjer å formidla alt av interesse til dykk supporterar. For å klare dette, treng me hjelp i frå frivillige.

Gjennom dei siste åra har me hatt god hjelp frå flinke og dedikerte elevar frå medialinja på Sogndal Vidaregåande Skule.  I tillegg har me hatt med andre som er interessert i media og som er glade i klubben.

Per no består redaksjonen av ein lett blanding:

  • Ingvild Fridtun, foto og film
  • Thea Wigum, foto og film 
  • Youri van der Werve, film
  • Rune Sjøberg, koordinator
  • Hilde Østbø, kommunikasjonsansvarleg

I redaksjonen driftar me heimesida, Facebooksida, Twitter  og Instagram. Me har sjølvsagt mest fokus på A-laget, men skal óg ha saker om Utviklingsavdelinga, Sogndal 2 og Damelaget, samt Lerum Cup, SogndalAkademiet, fotballskular og turneringar som vert arrangert av klubben.

Me har ikkje moglegheiten til å betala ut løn for innsatsen, men me kan garantera mange flotte opplevingar på Fosshaugane Campus. I tillegg får du sesongkort og profilert Umbro arbeidsantrekk til bruk under oppdrag.

Har du planar om ei framtid innan media, kan me tilby ein unik læringsarena der du får verdifull erfaring og kan knytta kontaktar innan bransjen. 

Me treng hjelp til 

  • Tekst
  • Foto
  • Videoproduksjon
  • Reporter SogndalTV

Dei som vil jobba med bilete/video må ha kjennskap til bruk av kamera og redigering.

På tekst treng me ein som skriv godt nynorsk.

Har du lyst til å bidra for klubben, ta kontakt på epost til Hilde Østbø på hilde@sogndalfotball.no eller Rune Sjøberg på rs@sogndalfotball.no

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: