Tap mot Kåffa

Det vart 1-0 på Intility - HamKam slo Nest-Sotra

Det vart 1-0 til KFUM i dagens kamp på Intility Arena i Oslo. Heimelaget skåra før pause.

Etter kvilen pressa me på for å få utlikning og kvalikplass. Resultata på dei andre arenaene gjekk ikkje vår veg, og det såg lenge mørkt ut.

Men på overtid av overtida på Briskeby skåra heimelaget, slik at HamKam slo Nes-Sotra 3-2. Med det er me på sjetteplass og skal spela kvalik mot Kongsvinger på Gjemselund. Kamptidspunkt kjem seinare.

Her er TV-bileta frå dagens kamp.




Les om kampen i Sogn Avis

Tabellen frå årets sesong ser slik ut.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Aalesund Aalesund 30 25 4 1 67 25 42 79 V V V V V
2 Sandefjord Fotball Sandefjord Fotball 30 19 8 3 53 30 23 65 T V V V V
3 Start Start 30 19 5 6 54 31 23 62 V V T U V
4 KFUM KFUM 30 13 9 8 58 42 16 48 V V T U U
5 Kongsvinger Kongsvinger 30 14 4 12 38 36 2 46 V T V V T
6 Sogndal Sogndal 30 13 6 11 51 39 12 45 T V U V V
7 Nest-Sotra Nest-Sotra 30 14 6 10 43 31 12 44 T T V V V
8 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 30 11 6 13 47 47 0 39 V T T V U
9 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 29 11 5 13 46 46 0 38 V V T T T
10 HamKam HamKam 30 11 5 14 43 47 -4 38 V T T T V
11 Raufoss Raufoss 30 12 2 16 47 59 -12 38 T T U T T
12 Jerv Jerv 30 8 9 13 34 54 -20 33 T T T T T
13 Strømmen Strømmen 29 6 10 13 29 46 -17 27 T V V T U
14 Notodden Notodden 30 6 7 17 35 53 -18 25 T U U T U
15 Skeid Skeid 30 4 10 16 38 54 -16 22 V U T T T
16 Tromsdalen Tromsdalen 30 3 4 23 36 79 -43 13 T V U T U


Trenar Eirik Bakke var skuffa over resultatet, men glad for at me skal spela kvalik mot Kongsvinger.



Kampen mot Kongsvinger går på Gjemselund. Tidspunkt er ikkje klart.

 

Annonse fra Obos-ligaen: