Sigersmål på overtid!

Joachim Soltvedt og Mathias Dyngeland vart matchvinnarar i kvar sin ende.

Me slo Nest-Sotra 1-0 i den 25. runden av OBOS-ligaen 2018, og det var ein siger som satt veldig langt inne.

- Det er slike sigrar som smakar aller best! sa ein glad Eirik Bakke til gutane i garderoben etter kampen.

Les om kampen i Sogn Avis


Det var Sogndal som kom best ut frå startblokkane, og me hadde nokre feite sjansar. Sixten Jensen hadde eit bra forsøk som fekk fram det aller beste av bortelaget sin keeper.

Les fyldig kampreferat på Firdaliven!

Då det såg ut til at det skulle enda med 0-0, skjedde det som endra heile kvelden for Bakke sine menn. Bjørn Helge Riise slo opp mot Akor Adams. Akor vart holdt, og fekk straffespark. Det sette Joachim Soltvedt iskaldt i mål.

- Eg skal innrømma at det dunka litt ekstra i brystet på meg før eg skaut, sa ein glad matchvinnar etter kampslutt.





I den andre enden av bana sørga kapteinen for clean sheet, og Mathias diska opp med ei fantomredning rett før slutt som berga dei tre poenga.

Les om kampen i Porten

Trenar Eirik Bakke var veldig glad og letta etter at det endeleg gjekk stang inn. 




Neste helg skal me på ny tur til Rogaland. Då ventar Sandnes Ulf på oss.

Slik ser tabellen ut etter helgas kampar

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Viking Viking 30 20 1 9 68 44 24 61 V V V V T
2 Mjøndalen Mjøndalen 30 17 9 4 49 24 25 60 V T V U U
3 Aalesund Aalesund 30 18 5 7 58 31 27 59 V V V V T
4 Sogndal Sogndal 30 15 6 9 47 31 16 51 T V T V V
5 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 30 11 10 9 59 49 10 43 T T V T U
6 Nest-Sotra Nest-Sotra 30 12 7 11 43 41 2 43 T V U V U
7 Tromsdalen Tromsdalen 30 12 7 11 43 47 -4 43 V T T T V
8 Kongsvinger Kongsvinger 30 12 6 12 59 49 10 42 T U V U V
9 HamKam HamKam 30 12 6 12 46 44 2 42 V V T V T
10 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 30 11 9 10 43 47 -4 42 V T T U V
11 Strømmen Strømmen 30 12 2 16 49 53 -4 38 T V V U V
12 Notodden Notodden 30 10 6 14 36 40 -4 36 V V V U T
13 Jerv Jerv 30 8 11 11 31 41 -10 35 T T T U U
14 Åsane Åsane 30 9 6 15 38 57 -19 33 T T V T T
15 Florø Florø 30 8 3 19 27 59 -32 27 T T T V T
16 Levanger Levanger 30 3 6 21 32 71 -39 15 T T T T U

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: