Påmelding Tine Fotballskule 2019

Veke 33, frå måndag 12.august til torsdag 15.august.

Tine Fotballskule 2019 blir i år arrangert i veke 33, frå måndag 12.august til torsdag 15.august. Årets fotballskule er for jenter og gutar født 2009 til 2013.

Det er 130 plassar tilgjengeleg. Det kan vere lurt å vere ut i god tid, då det i fjor vart fullbooka tidleg.

Veke 33: måndag 12.august til torsdag 15.august (frå 10:00-14.00 kvar dag) - Pris kr 900.

Klikk her for påmelding

Ein klassisk dag hjå oss:
10:00-11:30 Fotballøkt 1
11:30-12:15 Lunsj
12:15-13:55 Fotballøkt 2
13:45-14:00 Samling i sirkelen og info om neste dag

Instruktørar under årets Tine Fotballskule vil vera trenarar og spelarar frå Sogndal Fotball systemet.

Betaling:
Kort eller kontant. Dette skjer ved oppmøte i Sognahallen 12.august. Registering startar frå kl.09.00 og varar fram til kl.10.00

Pris: kr 900,-

Syskenmoderasjon: 20 % for barn nr.2 og 40% for barn nr.3 og fleire.

Inkludert i prisen:
Utstyr frå Tine (sekk, t-skjorte)
Umbro ball
Billett til ein valfri heimekamp med Sogndal Fotball
Drikke til lunsj kvar dag
Grillmat siste dag

Praktisk informasjon:

1.Tine Fotballskule startar måndag med registrering og utdeling av utstyr frå klokka 09:00 i Sognahallen.

2.Tysdag til torsdag er det oppmøte i Sognahallen klokka 09:50.

3. Deltakarane kan på eige ansvar, vere i Sognahallen frå klokka 09.00 til treningsstart alle dagar. 

4. Henting mellom klokka 13:55-14:15 i Sognahallen. Ansvarleg frå Sogndal Fotball vil vere i hallen til 14:30 kvar dag det er fotballskule.

5. Fotballøktene vil vere i Sognahallen, Fosshaugane Campus og på Kvåle Stadion. 

6. Det er viktig at deltakarane tek med seg utdelt ball alle dagar, samt drikkeflaske og nistepakke (utanom grilldagen)

Klikk her for påmelding

Ta kontakt med Anders Stadheim ved spørsmål kring Tine Fotballskule: as@sogndalfotball.no

 

Annonse fra Obos-ligaen: