Før Avspark

Sogndal - HamKam, Fosshaugane Campus, Avspark klokka 16.00

Me er allereie framme ved den 29. runden av OBOS-ligaen 2019, og karane våre gjer seg klar til den siste heimekampen i seriespelet.

I dag får me flott besøk frå Hedmark! Vår gamle ven Espen Olsen har reist på tur med ein gjengen sin i grønt. Sportssjefen til HamKam kjem med eit lag som ikkje har anna enn æra å spela for i dag, men karane våre må vera på topp likevel.

OBOS-ligaen er i sluttfasen, i dag går alle kampane likt klokka 16.00. Me har desse spennande oppgjera:
Kongsvinger - Sandnes Ulf
Nest-Sotra - Aalesund
Sandefjord - Jerv
Skeid - Notodden
Sogndal - HamKam
Start - Ull/Kisa
Strømmen - KFUM Oslo
Tromsdalen - Raufoss

Tabellen ser slik ut

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
0 Grorud Grorud 0 0 0 0 0 0 0 0
0 HamKam HamKam 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Jerv Jerv 0 0 0 0 0 0 0 0
0 KFUM KFUM 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Kongsvinger Kongsvinger 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Lillestrøm SK Lillestrøm SK 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Ranheim TF Ranheim TF 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Raufoss Raufoss 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Sogndal Sogndal 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Stjørdals-Blink Stjørdals-Blink 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Strømmen Strømmen 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Tromsø Tromsø 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Øygarden FK Øygarden FK 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Åsane Åsane 0 0 0 0 0 0 0 0

 

Vêrmeldinga
Me har runda ein ny månad på kalendaren, og er no inne i det mange ser på som årets mørkaste, november. Snøen let venta på seg, og i dag er det strålande sol og skyfri himmel i den vakre bygda vår. Under kampen blir det 3-4 grader, ein bør ta på seg både hue og sokkabrok! 

Kom på kamp!
I dag er det veldig kjekt om me får hjelp frå vår tolvte mann. Mykje kan gjerast i dag med tanke på ein eventuell kvalifisering, og me treng støtta. Før avspark skal nokre spelarar takkast av, møt opp!

Billetten til kampen kan du kjøpa her

Runde 29, OBOS-ligaen 2019
Sogndal - HamKam
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 16.00

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: