Før Avspark

Start - Sogndal, Sør Arena i Kristiansand, Avspark klokka 15.30

Me er klare for den 21. serierunden i årets OBOS-liga. Me har reist med fly til det blide Sørlandet, og karane har lada godt opp foran denne bataljen.

Ved ankomst i går testa karane dagens kamparena med ei lett treningsøkt. 

Det er ein svolten gjeng som har reist på tur. Det er god stemning i gruppa, og det er ein gjeng med ivrige karar som skal ta med seg tre poeng heimatt til Saftbygda.

Runden
Runde 21 startar i dag med to kampar, resten blir spelt i morgon.

Slik går kampane: 

I dag
Start - Sogndal kl. 15:30
Skeid - Kongsvinger kl. 15:30

I morgon
Sandefjord - Sandnes Ulf kl. 15:00
Tromsdalen - HamKam 17:00
Aalesund - Jerv kl. 18:00
Notodden - KFUM Oslo kl. 18:00
Raufoss - Nest-Sotra kl. 18:00
UllKisa - Strømmen kl. 18:00

Tabellen før denne runden ser slik ut.

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
0 Grorud Grorud 0 0 0 0 0 0 0 0
0 HamKam HamKam 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Jerv Jerv 0 0 0 0 0 0 0 0
0 KFUM KFUM 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Kongsvinger Kongsvinger 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Lillestrøm SK Lillestrøm SK 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Ranheim TF Ranheim TF 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Raufoss Raufoss 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Sogndal Sogndal 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Stjørdals-Blink Stjørdals-Blink 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Strømmen Strømmen 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Tromsø Tromsø 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Øygarden FK Øygarden FK 0 0 0 0 0 0 0 0
0 Åsane Åsane 0 0 0 0 0 0 0 0

Vêrmeldinga
Sommaren er på hell, men på Sørlandet skal det i dag vera flott med streif av sol, lettskya, laber bris og småpene 20 grader under kampen. Det blir ein flott fotballdag!

Kom på kamp!
Om du er i området blir me veldig glade om me ser deg på Sør Arena! Kle deg i Svart og Kvitt, ta med utestemma og ta turen. Karane treng støtta di! Me lovar at me skal gi alt for å ta med oss tre poeng heimatt.

Runde 21 av OBOS-ligaen 2019
Start - Sogndal
Sør Arena, Kristiansand
Avspark klokka 15:30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: