AMFI Sogningen er med

Sogndal Fotball og Amfi Sogningen har skrive ein ny samarbeidsavtale som gjeld ut sesongen 2021.

- Me er utruleg glad for at Wilhelm & Co. blir med oss vidare, seier Terje Teigen, salssjef i Sogndal Fotball.

Det store kjøpesenteret som ligg midt i hjarta av Sogndal kan tilby over 50 spennande butikkar med 420 parkeringsplassar. 

Stoltheit og engasjement
- Amfi Sogningen ynskjer med dette å vera med på å bringa stoltheita tilbake i bygda og i fylket vårt, nettopp med å bidra for å tilbake det lokale engasjementet som også er veldig viktig for handelsstanden, seier senterleiar Wilhelm Tangerud.

Superlaget Sogndal
- Jobben som har vorte gjort rundt Superlaget i frå Sogndal har gitt lokalmiljøet her eit namn, som igjen gjer til at folk kjem hit og handlar, seier Wilhelm.

Med den same intensjon og det gode samarbeidet vårt, ser me i Sogndal Fotball fram til å ha med oss Amfi Sogningen vidare dei neste åra.

Velkommen til kamp og til lokal handel.

 

Annonse fra Obos-ligaen: